Vedtekter

Vedtekter Jonaslåven
Gjeldande f.o.m. 01.04.13

$1: Namn
Foreiningas namn er Jonaslåven. Jonaslåven vart stifta 14.07.12.

$2: Foreiningas formål
er å skape ein arena for utvikling og gode opplevingar.
Ein aktiv, kulturell og sosial møteplass, som ein kan benytte seg av uansett ver.

$3: Styret
Foreininga blir leia av eit styre på 5 personar.
Maria Helgesen og Heidi Otneim, eigarar av låven, er faste styremedlemmar og kan ikkje veljast ut av styret.
På årsmøtet blir dei resterande styremedlemmane valt.
Styremøte skal haldast i mars kvart år. Elles skal styret halde møte når leiaren forlangar det, eller eit fleirtal av styremedlemmene forlangar det. Styret vel leiar for 2 år. Kasserar, nestleiar, sekretær og PR ansvarleg veljast for 1 år. Styret skal vedta årskontingent og ordinære opningstider årleg. Styret skal også evaluere og revidere vedtektene årleg.
Styret har fullmakt til å bruke foreiningas midlar for å utføre foreininga si hensikt. Dei faste styremedlemmane er tildelt signatur i felleskap.
Styret skal setja i verk årsmøtes avgjersle, sette opp komitear/ utval/ personar etter behov for spesielle oppgåver, administrere og føre nødvendig kontroll med foreiningas økonomi i samsvar til gjeldande instuksar og avgjersle.
Styret er vedtaksført når et fleirtall av styrets medlemmer er til stede. Vedtak fattast med fleirtall.

$4: Årsmøte
består av styret og foreiningas medlemmar. Det skal haldas eit årsmøte kvart år.
Årsmøte kallast inn av styret med minst 1 månads varsel, direkte til medlemmane og/eller ved kunngjering i media.Forslag som skal behandlast på årsmøtet skal være sendt til styret v/ leiar seinast 2 veker før årsmøtet.
Fullstendig saksliste må være tilgjengelig for medlemmene seinast 1 veke før årsmøtet.
Alle medlemmer kan delta på årsmøtet, men ein må vere over 12 år for å ha stemmerett. Styret kan invitere andre personer og/eller media til å være til stede.
Årsmøtet er vedtaksført med dei medlemmane med stemmerett som er tilstade.
Styret er regnskapspliktig ovanfor årsmøtet.
På årsmøte skal det behandlast årsmelding, revidert rekneskap og innkomne forslag /saker
Årsmøtet vedtek vedtektene og vel inn 3 styremedlemmar.

$5: Medlemskap – medlemmar
For å bli betrakta som medlem må ein ha betalt årskontingent. Det er 2 typar medlemskap. Privat og familemeldemskap. Årskontingenten for privatpersonar kalenderåret 2013 er satt til kr 500. Kjøp av medlemskap etter 1. oktober er sett til 250 kr. Familiemedlemskap er sett til kr 1000. Born under 12 år er gratis. Privatpersonar som er medlemmar kan fritt besøke og bruke tilboda i Jonaslåven innanfor opningstidene.
Her med atterhald om at Jonaslåven kan vere opptatt/booka. Privatpersonar, bedrifter, lag og org. kan ved avtale leige Jonaslåven til diverse arrangement, bruk og selskap.
Ein kan og vere støttemedlem. Dette frå 1500 kr. Alle støttemedlem får namnet sitt / bedriftsnamnet publisert på framsida av www.jonaslåven.no

$6: Manglande medlemskap
Alle som ikkje er medlemmar må ta kontakt og gjere avtale for å kunne besøke og benytte seg av tilboda i Jonaslåven.
Privatpersonar: Kr 50,- pr. dag.

$7:Synlegheit og tilgjengelegheit
Jonaslåven v/ styret skal ha ei aktiv og oppdatert Facebook gruppe. Gruppa skal vere open for alle.

$8: Regel ved besøk, bruk og bestilling av lokalet.
Ved misleghald og andre negative hendingar /oppførsel, kan ein bli utvist frå Jonaslåven i 1 år. Ved herverk eller tjuveri er ein erstatningspliktige.
I opningstidene er Jonaslåven ei rusfri og tobakksfri sone.
Ved bestilling av lokalet til diverse arrangement gjeld egne prisar og avtale.
I Jonaslåven gjeld Kardemonnebylova og Den Gylne Regelen.
Alle må kjenne til og respektere dette når ein oppheld seg og / eller brukar tilboda i Jonaslåven.

Leave a Reply