Medlemskap og reglar

For å bli medlem må ein ha betalt årskontingent.
Det er 2 typar medlemskap. Privat (for 1 person) og familemedlemskap.

  • Privatmedlemskap kr 250,-.
  • Familiemedlemskap kr 500,-.
    - Gratis for born under 12 år .
    - Born under 10 år skal ikkje vere i låven uten tilsyn av ein vaksen.
Medlemmar kan fritt besøke og bruke tilboda i Jonaslåven innanfor opningstidene.Registreringsskjema finn du her: Påmelding-Jonaslåven

Privat person uten medlemskap

Sjølv om du ikkje er medlem er du sjølvsagt velkommen, men du ta kontakt før/når du kjem.  50 kr pr pers.

LOGO
NB! Jonaslåven kan vere opptatt/booka.
Husk å sjekk siste oppdateringane på facebooksida.

 

 


Frivillige organisasjonar og bedrifter

Bedrifter, lag og org. som ynskjer å bruke Jonaslåven må ta kontakt og gjere avtale om tid og pris.

Til orientering 

  • Ein kan og vere støttemedlem. Dette frå 1500 kr. Alle støttemedlem får namnet sitt / bedriftsnamnet publisert her på heimesida.
  • Jonaslåven kan også leigast til bursdagsselskap, supriseparty og mykje anna.
    Ta kontakt i god tid.

Reglar ved bruk og opphald i Jonaslåven IMG_1417 2

Vi oppfordrar alle til å bruke nødvendig sikkerhets utstyr.

Små barn bør ha med seg ein vaksen.

All aktivitet er på eget ansvar!

 

Før ein går skal ein sørge for at alt er ok.
Ein ryddar etter seg sjølv og er du den siste som går må ein huske å sløkke lyset og sørge for at døra er igjen.

Ved misleghald og andre negative hendingar /oppførsel, kan ein bli utvist frå Jonaslåven i 1 år. Ved herverk eller tjuveri er ein erstatningspliktige. I opningstidene er Jonaslåven ei rusfri og tobakksfri sone.

Leave a Reply